Etisk handel i norske bedrifter

Initiativ for etisk handel har i dag lansert ein nettstad med gode råd til bedrifter som ønskjer å jobbe med etisk handel i leverandørkjeda. I samband med lanseringa presenterte dei også resultata frå ei undersøking dei har gjort blant norske bedrifter om ståa for arbeidet med etisk handel. Sjølv om undersøkinga kanskje har nokre svake sider er rapporten (pdf) likevel interessant lesing. Nokre interessante poeng:

  • 70% svarer at dei har anstendige arbeidsforhold og tek miljøomsyn i heile leverandørkjeda, men 66% svarer også at dei ikkje har oversikt over leverandørkjeda heilt tilbake til råvareuttak. Her er det nok mange bedrifter som håpar og trur.
  • På spørsmål om kva som skal til for å opprette retningslinjer for etisk handel svarer flest «kunnskap, veiledning og verktøy» (40%), og «må se relevansen og behovet (38%). Det er tydeleg at mange framleis ikkje føler press frå interessentar til å ta sosiale og miljømessige omsyn.
  • Dei to punkta som er inkludert i flest retningslinjer er barnearbeid og helse, miljø, sikkerhet. Er dette det som er sett på som viktigast å unngå?.
  • 42% av bedriftene har retningslinjer for etisk handel, og 57% av desse undersøker om retningslinjene blir følgde. Dette er fleire enn eg trudde, sjølv om «undersøker» kan bety så mangt.

Skriv ein kommentar