Diskriminering på arbeidsmarknaden, igjen

Ei rekkje studiar har funne at minoritetar blir diskriminerte på arbeidsmarknaden. Ein typisk framgangsmåte i desse studiane er at forskarar sender ut CV-ar som er heilt like bortsett frå namnet, som anten er eit «minoritetsnamn» eller eit «majoritetsnamn». Ei av utfordringane er at namn ikkje berre signaliserer minoritet/majoritet, men også sosial status eller klasse. Det kan hende at tidlegare studiar har overdrive effekten av diskriminering. Ein ny og omfattande studie som tek omsyn til sosial klasse finn nesten ikkje prov på diskriminering.

We sent nearly 9000 fictitious resumes to advertisements for job openings in seven major cities in the United States across six occupational categories. We randomly assigned names to the resumes that convey race and gender but for which a strong socio-economic connotation is not implicated. We find little evidence of systematic employer preferences for applicants from particular race and gender groups.

Darolia, Rajeev, Cory Koedel, Paco Martorell, Katie Wilson, and Francisco Perez-Arce. 2015. “Race and Gender Effects on Employer Interest in Job Applicants: New Evidence from a Resume Field Experiment.” Applied Economics Letters. doi:10.1080/13504851.2015.1114571.

Skriv ein kommentar