Er rettferdig handel betre for bonden?

Effektane av rettferdig handel (fair trade) er eit mykje diskutert spørsmål. Ein akademisk studie har samanlikna livskvaliteten til kakaobønder som deltek i ei fairtrade-ordning med liknande bønder som ikkje deltek. Resultata er lovande for tilhengjarar av rettferdig handel.

To amerikanske forskarar har undersøkt livskvaliteten til kakaobønder i Peru, Nicaragua og Guatemala [1. Geiger-Oneto, S., & Arnould, E. J. (2011). Alternative Trade Organization and Subjective Quality of Life: The Case of Latin American Coffee Producers. Journal of Macromarketing.], og funne at bønder som er medlemmar i Transfair, ei amerikansk ordning for rettferdig handel, har høgre livskvalitet og er meir optimistiske enn samanliknbare bønder som ikkje er medlemmar. I spørreundersøkelsen rapporterte også medlemmane om større forbetringar dei siste tre åra enn ikkje-medlemmane.

Det mest interessante er kanskje at det ikkje er høgre inntekter som bidreg til den auka livskvaliteten, men medlemskapet i seg sjølv og den sosiale og forretningsmessige assistansen som bøndene får tilgang til gjennom Transfair.

Resultata må sjølvsagt tolkast forsiktig, studien har nokre svake sider [2. Den største utfordringa er utvalet, det kan godt hende at medlemmane i Tranfair skiller seg fra ikkje-medlemmane i utgangspunktet. Det kan også hende at medlemmane svarte «taktisk» på spørreundersøkelsen.] og omhandlar ein enkelt fair trade-organisasjon og ein enkelt type produksjon. Likevel er resultata lovande for dei som er opptatt av rettferdig handel!

Samfunnsansvar og openheit: Eit ekstra argument

Framtiden i våre hender publiserte nyleg ein rapport om openheit i leverandørkjeder. 18 selskap innan klede, mobiltelefonar og datautstyr er undersøkte, og berre nokre få av desse selskapa er opne om kvar produkta deira er produserte. Selskap som Apple, Nokia, H&M, Zara og Varner-gruppa held namna på sine leverandørar hemmelege.

Kvifor skal selskap offentleggjere namna på sine leverandørar?

Grunnen til at Framtiden i våre hender og andre ideelle organisasjonar prøvar å påverke selskap til å offentleggjere leverandørlistene sine er at dei trur at dette vil kunne hjelpe på arbeidstilhøva og -vilkåra hos underleverandørane. Tilsette i kles- og IT-industrien i fattige land har av og til (ofte?) dårlege tilhøve på arbeidsplassen, med lange dagar, lite ferie, og ei lønn det ikkje alltid er mogleg å leve av [1. Dette kan sjølvsagt uansett vere betre enn alternativet.]. Sjølv om dei fleste store selskap har retningslinjer som underleverandørane forpliktar seg til å følgje, er det ikkje alltid dette blir gjort. Poenget for organisasjonane er at det er umogleg for uavhengige tredjepartar og andre interesserte å følgje opp dersom det ikkje er kjent kven som er leverandørar.

Selskapa har sine grunnar til å halde leverandørane sine hemmelege. Nokre av desse grunnane er legitime, noko dei ideelle organisasjonane også må innsjå. Ei offentleggjering av namna på leverandørane vil gjere det enklare for konkurrentar å bruke same leverandøren. Eit vestleg selskap kan ha investert store beløp i produktutvikling, kvalitetssikring- og system, logistikk og CSR, noko ein konkurrent også vil nyte godt av. Nokre selskap som har merkevarer med svært høg status, til dømes designarklede, vil tape status dersom det kjem fram at det er «vanlege» fabrikkar i Kina som står for produksjonen. Piratkopiering er også eit stort problem for enkelte merkevarer.

Likevel trur eg at grunnane til å opne opp har vorte sterkare. Aktive og bevisste forbrukarar ønskjer informasjon, og vil velje produkta til selskap som er opne ikkje berre om kva leverandørar dei brukar, men produksjonsprosessen totalt sett. Alle dei andre institusjonane som påverkar bedrifter sine etiske standardar (som etiske krav til innkjøp, lover og regelverk, investorar, ideelle organisasjonar) vil i aukande grad også krevje openheit. Den pågåande kampanjen til Framtiden i våre hender og Amnesty [2. Makt forplikter] er eit prov på dette.

Eit ekstra argument for å vere open

Eit ekstra argument for å vere meir opne om korleis varene vert produserte er at informasjonen kjem til å kome ut til slutt uansett. Vi har kun sett starten på internettrevolusjonen, som bryt ned informasjonsbarrierer i stor skala. Dersom arbeidarane hos underleverandørane dine har elendige arbeidstilhøve vil dei snart blogge om det, filme med smarttelefonen sin og legge ut på Youtube, opprette sin eigen twitterkonto med namnet «dittfirmaslavelabour» og legge ut informasjon om den uetiske produksjonsprosessen på Wikipedia.

Om dei ikkje alt gjer det!

«Grønne» produkter

Frå pressemelding om Phillips sine produkt som blir markedsførte som «grøne»:

Grønne produkter har en betydelig miljøforbedring innen ett eller flere av de grønne fokusområdene: Energieffektivitet, pakking, farlige substanser, vekt, resirkulering, avfall og levetid.
….
Grønne produkter må score minst 10 % bedre enn referanseprodukter i ett av de grønne fokusområdene for å kategoriseres som et grønt produkt. Referanseprodukter kan være enten konkurrerende produkter eller tidligere produkter i den samme produktkategorien. På grunn av ulike produktporteføljer i de ulike sektorene, finnes det forskjellige kriterier for grønne produkter.

For at Philips skal kalle eit produkt «grønt» må det altså vere minst 10 % betre enn eit anna produkt fra same kategori, på eitt av sju ulike område. For meg høyrest dette svært lite ut, og det kan vere i strid med norske reglar for bruk av miljøpåstandar i marknadsføring. Eksempelet viser kor vanskeleg det er å skille produkt som er klart betre for miljøet og dei som er ørlite betre. Til Philips sitt forsvar skal det seiast at kriteria går klart fram både i pressemeldinga og på heimesida deira. Likevel: Ein kunde som står i butikken og skal velje strykejern kan lett bli lurt.

Supplier conduct principles

Leverandørar til Telenor må forplikte seg til å følgje nokre prinsipp kalla Supplier conduct principles.

The Supplier shall take a precautionary approach towards environmental challenges, undertake initiatives to promote greater environmental responsibility, and encourage the development and diffusion of environmentally friendly technologies.
The Supplier shall act in accordance with relevant local and internationally recognised environmental standards.
The Supplier shall minimise its environmental impact and continuously improve its environmental performance.

Det første punktet er prinsipp 7-9 i Global compact. Felles for alle tre punkta er at dei er vanskelege å måle og vurdere (korleis måler ein «environmental performance», og kva betyr «minimise»?). Fører dette til at leverandørane skriv under prinsippa, vel vitande om at dei kan fortsette som før når det gjeld miljø, fordi det er vanskeleg for Telenor å vurdere utviklinga? På den andre sida er det svært krevjande å lage klare mål for alle dei tusenvis av underleverandørane, og klare mål på nokre område kan føre til at andre område blir nedprioriterte. Forskarar har lenge vore klare over at kontraktar aldri er fullstendige, og at dei fleste bedrifter ikkje prøvar å skrive kontraktar som dekkjer alle detaljar som vil eller kan skje. Graden av tillit i forholdet betyr mykje, er tilliten stor nok er eit handtrykk nok. Spørsmålet er kor fullstendige kontraktane skal vere når tilliten ikkje er fullt så stor. Når det gjeld miljø og sosiale forhold fins det lite forsking på dette.

Etisk handel i norske bedrifter

Initiativ for etisk handel har i dag lansert ein nettstad med gode råd til bedrifter som ønskjer å jobbe med etisk handel i leverandørkjeda. I samband med lanseringa presenterte dei også resultata frå ei undersøking dei har gjort blant norske bedrifter om ståa for arbeidet med etisk handel. Sjølv om undersøkinga kanskje har nokre svake sider er rapporten (pdf) likevel interessant lesing. Nokre interessante poeng:

  • 70% svarer at dei har anstendige arbeidsforhold og tek miljøomsyn i heile leverandørkjeda, men 66% svarer også at dei ikkje har oversikt over leverandørkjeda heilt tilbake til råvareuttak. Her er det nok mange bedrifter som håpar og trur.
  • På spørsmål om kva som skal til for å opprette retningslinjer for etisk handel svarer flest «kunnskap, veiledning og verktøy» (40%), og «må se relevansen og behovet (38%). Det er tydeleg at mange framleis ikkje føler press frå interessentar til å ta sosiale og miljømessige omsyn.
  • Dei to punkta som er inkludert i flest retningslinjer er barnearbeid og helse, miljø, sikkerhet. Er dette det som er sett på som viktigast å unngå?.
  • 42% av bedriftene har retningslinjer for etisk handel, og 57% av desse undersøker om retningslinjene blir følgde. Dette er fleire enn eg trudde, sjølv om «undersøker» kan bety så mangt.

Verdens største Porsche


(Foto: Oslo T-banedrift AS)

T-bana i Oslo rekrutterte nyleg togførarar, mellom anna med hjelp av plakaten over. Men kvifor brukar t-bana Porsche i rekrutteringa?

Jobb i t-banen har lav status, og gode søkjarar ønskjer ikkje lavstatus jobbar. Dersom t-bana aukar sin status vil dei difor få betre søkjarar. Porsche har høg status, og ved å vise til at dei nye t-banevognene er designa av Porsche [1. Vognene er ikkje produsert av Porsche, men av Siemens, og designa av Siemens og Porsche Design i fellesskap. Porsche si rolle er dermed heller lita, noko Oslo T-banedrift ikkje akkurat framhevar.] håpar t-bana at litt av statusen vil smitte over på dei. Mest sannsynleg har dei rett, enkelte søkjarar vil bevisst eller ubevisst tenkje at «dersom Porsche kan jobbe for t-bana, kan eg også».

Medan t-bana vil tene på å assosiere seg med Porsche, vil Porsche tape på å bli assosiert med t-bana. Eit interessant spørsmål er om t-bana har fått godkjenning av Porsche, eller om dei har teke seg til rette utan Porsche si godkjenning.

Adam Smith om status

Eit nytt sitat om status, som er mi store forskingsinteresse for tida (og i 2004, om eg hugsar rett). Frå Adam Smith, Theory of Moral Sentiments:

For to what purpose is all the toil and bustle of this world? what is the end of avarice and ambition, of the pursuit of wealth, of power, and preheminence? Is it to supply the necessities of nature? The wages of the meanest labourer can supply them

To be observed, to be attended to, to be taken notice of with sympathy, complacency, and approbation, are all the advantages which we can propose to derive from it. It is the vanity, not the ease, or the pleasure, which interests us. But vanity is always founded upon the belief of our being the object of attention and approbation. The rich man glories in his riches, because he feels that they naturally draw upon him the attention of the world, and that mankind are disposed to go along with him in all those agreeable emotions with which the advantages of his situation so readily inspire him. At the thought of this, his heart seems to swell and dilate itself within him, and he is fonder of his wealth, upon this account, than for all the other advantages it procures him.

Om å ofre seg for status

Status er viktig for menneske, dyr, og (mi hypotese), bedrifter. For tida les eg ein del om status, og eg kom over dette gode eksempelet frå araberskriketrosten:

Arabian babblers, a species of social birds, provide a prototypical nonhuman example of self-sacrificial behavior that acts as costly signaling. Individual babblers compete with unrelated group members to be the group’s sentinel, who is responsible for watching for predators from tree-tops in order to warn the group of potential danger (Zahavi & Zahavi, 1997). Given that the sentinel’s duty entails putting itself at a higher risk of death than other babblers, one might predict that individuals would attempt to avoid this self-sacrificial job. Yet some studies have shown that babblers actively compete with each other for this high-status position. Consistent with costly signaling theory, the more time a babbler spends as a sentinel, the higher its status and access to mates in the group.

Referanse: Griskevicius, V., Tybur, J. M., & Van den Bergh, B. (2010). Going green to be seen: Status, reputation, and conspicuous conservation. Journal of personality and social psychology, 98(3), 392–404.

Svindel med skinker

Ei av mange gleder i Spania er den gode maten, og noko av det beste ein kan få er god spansk skinke. Den flottaste skinka har nemninga Iberico og kjem frå ein spesiell rase grisar med same namnet. Dersom skinka i tillegg er merka med “bellota” betyr det at ho kjem frå frittgåande grisar som kun et eikenøtter. Skinka vert lagra 2-3 år før ho vert seld til ein høg pris [1. For gode innføringar i korleis iberico-skinke vert laga, sjekk denne og denne artikkelen.]

Som alltid er det fristande å ta snarveiar, og regionale styresmakter i delstaten Andalucia har kverrsett eit parti med 17 tonn skinke marknadsført som Iberico men av uklar kvalitet. “There are cowboys in this business who harm the whole trade by selling hams that are not worth what they say,” uttalte ein representant for styresmaktene i følgje The Guardian.

Tyder dette på at skilnaden mellom Iberico og andre typar skinke ikkje er så stor? Dersom smaksforskjellen var stor kunne kjøparane enkelt avsløre svindelen. Ein kan spekulere i at skilnaden ikkje er så stor, og at partiet skulle til kjøparar med dårleg smakssans (turistar?).

Denne saka illustrerer ein utfordring for ikkje-private merkevarer. Dersom ein kjend merkevareprodusent hadde juksa med kvaliteten ville dette ha gått ut over omdømmet og salet deira, i alle fall ei stund. Med ikkje-private merkevarer (“Iberico”) kan enkelte dårlege egg jukse, og det går ut over alle produsentane.

Den einaste måten å ordne opp i dette på er sannsynlegvis å innføre eit enda strengare system for kvalitetssikring, med god sporing av råvarene og hyppige kontrollar både på gardane, på skinkelagra og i butikkane. Dette vil koste, men kan likevel vere billeg.

Det er vanskeleg å tenkje seg at ein ikkje finn svindel også i andre produkt der det er vanskeleg å avgjere kvalitetsforskjellane. Det vanskeleg å smake om mat er økologisk eller ikkje, og om bonden som har produsert maten har fått ei grei lønn (ref Fair Trade). Sjølv om det finst strenge kontrollregimer er det nok alltid nokon som greier å lure seg unna.