Ei maksimalgrense for tipping?

Norsk Tipping si mulige maksimalgrense for tipping er godt samfunnsansvar og god forretningsstrategi

Norsk Tipping vurderer å innføre ei maksimalgrense for kor mykje spelarar kan tape i løpet av ei gitt periode. Dette for å redusere problemet med speleavhengighet eller såkalla problematisk speling. Per i dag har dei 2-3000 spelarar som taper meir enn 15 000 per månad. Ei slik grense vil ha negative økonomiske konsekvensar for Norsk Tipping. Utrekningar tyder på at ei grense på 15 000 vil gi 100-150 millionar i redusert overskot per år, noko som igjen vil gå ut over idretts- og kulturformål.

Tipping er eit produkt som kan vere positivt for forbrukarane (og bedriftene, og til sjuande og sist samfunnet) i små og moderate mengder, men skadeleg og negativt i store mengder. Sjølv om den forventa økonomiske verdien av å delta i f.eks. lotto er negativ (tilbakebetalingsprosenten er 50), er spenninga og tanken om at det fins ein liten sjanse til å bli svært rik nok til at den totale verdien for spelarar blir positiv. Dette er grunnen til at gambling er ein så stor global industri. Problemet er spelarane som ikkje greier seg med moderate innsatsar, men som spelar så mykje at det får negativ påverknad på økonomi og livskvalitet.

Mange produkt (dei fleste!) har ei positiv effekt i små og moderate mengder, men negativ effekt i for store mengder. Eksempel er alkohol og andre rusmiddel, sukker og fett, TV, dataspel, og salt. Historisk har slike produkt og tenester i stor grad vorte regulerte svært «grovt», og har anten vore fullstendig forbodne (narkotika), sterkt regulerte gjennom redusert tilbod (alkohol, tobakk), eller fritt tilgjengelege (sukker). Norsk Tipping si moglege beløpsgrense er eit tidleg forsøk på å direkte kontrollere mengda kvar enkelt person brukar. Dette er mogleg fordi Norsk Tipping identifiserer kvar kunde via spelekontoen. (Ein digresjon: Ein kan lett sjå for seg at liknande typar kontroll kan bli brukt på andre problematiske produkt, slik som alkohol. Vinmonopolet kunne lett ha laga eit system med identifisering av kvar kunde, og ei maksgrense for mengde alkohol per veke, og eventuelt utveksla informasjon om kjøp med daglegvarebransjen og restaurantar. Storebror!).

Norsk Tipping (og Kulturdepartmentet, som er eigar) fortenar honnør for å prøve å redusere problemet med speleavhengighet. I eit utilitaristisk perspektiv er det truleg at nytten av eit slikt tiltak vil vere mykje større for dei 2-3000 problemspelarane, enn ulempa for dei få som har økonomi og ønskjer å satse meir enn til dømes 15 000 kroner per månad. Dei 150 millionane norsk idrett går glipp av er ikkje så attraktive dersom ein veit at dei har bidrege til økonomiske problem og personlege tragediar.

Det er sjølvsagt uklart kva effektar ei maksimalgrense i realiteten vil få. Dei største spelarane brukar nok også utanlandske speleselskap til å bli kvitt pengane sine. Dersom Norsk Tipping innfører ei tapsgrense vil ein del av tapa sikkert bli overførte til utanlandske aktørar. Dersom 100% av tapa blir overførte blir effekten på spelegalskap eit nullsumspel, men profitten til speleselskapa overført frå Norsk Tipping til utanlandske konkurrentar. Det er vel likevel sannsynleg at ein mindre del av spelinga blir overført til utlandet, spesielt sidan konkurrentar som tilbyr betre odds enn Norsk Tipping lenge har vore tilgjengelege.

Kvifor vil departementet og NT «frivillig» gå glipp av 100-150 millionar? Eg trur at Norsk Tipping sitt initiativ må bli sett i lys av at det kan vere aktuelt å erstatte monopolsystemet med eit konsesjonssystem for gambling i Norge, som vil opne også for utanlandske aktørar. Dersom konsesjonssystemet inkluderer krav om at selskapa har grenser for kor mykje enkeltspelarar kan tape vil den norske marknaden bli mindre attraktiv for utanlandske gamblingselskap, som då vil miste sine mest attraktive kundar. Desse kundane kan jo i dag tape så mykje dei vil, via gamblingselskapa sine utanlandske nettsider. Dette gjer at Norsk Tipping på sikt kan tene inn ein god del av dei tapte millionane gjennom auka marknadsandelar i åra som kjem.

Ei tapsgrense er difor slik eg ser det både godt samfunnsansvar, og god forretningsstrategi.

Innhaldsmarknadsføring som juks: Nokre økonomiske vurderingar

Merittane til innhaldsmarknadsføring (også kjent som content marketing) blir debattert friskt. Innhaldsmarknadsføring kan litt enkelt bli definert som «reklame som ser ut som journalistikk». Typiske eksempel er annonser som ser ut som artiklar, eller eigne seksjonar med betalt innhald i aviser og på nettsider. Debatten handlar i stor grad om skiljet mellom journalistikk og reklame. Enkelte kommentatorar er bekymra for om lesarar trur at innhaldsmarknadsføring er redaksjonelt stoff og dermed blir lurt. I forlenginga av dette er mange bekymra for tilliten til media og journalistikk generelt.

Men først av alt: Når er innhaldsmarknadsføring juks? (Eg brukar med vilje ordet juks, men ein kan like godt bruke ord som svindel, uetisk eller kriminalitet).  Eg meiner at det er greitt å ta utgangspunkt i Markedsføringslova sin §3: «Markedsføring skal utformes og presenteres slik at den tydelig framstår som markedsføring». Juks vil dermed vere alle formar for marknadsføring som ikkje tydeleg ser slik ut. For aviser handlar dette i praksis om å lage eit godt nok skilje mellom vanleg redaksjonelt innhald og annonsane, ved å bruke andre skrifttypar, klart merke annonsen med «reklame», og liknande. Ein god måte å måle om merkinga er god nok på: Dersom ein vesentleg prosent av lesarane (>10 %?) trur at ein annonse er redaksjonelt innhald, har bedrifta juksa.

Når kan vi forvente at media vil jukse? I denne artikkelen skal eg prøve å gjere nokre enkle økonomiske vurderingar av dette spørsmålet. Eg tek utgangspunkt i ein rasjonell økonomisk modell a la Becker (1968), der ei mediebedrift vil jukse dersom dette er lønsamt. Juks er lønsamt dersom 1) ein kan tene meir på juks enn på lovleg aktivitet, 2) sjansen for å bli tatt er liten, og/eller 3) dersom potensiell straff for å bli tatt er mild.

Juks vil skje i gråsona

I og med at «tydelig framstår som markedsføring» er opent for tolking er det lite sannsynleg at vi vil sjå mykje openbar juks (der innhaldet ikkje blir merka som kommersielt i det heile tatt) men meir sannsynleg at vi vil sjå forsøk på dårleg eller uklar merking. Da vil bedrifta ha større sjanse for å gå klar på grunn av usikkerheita rundt om det har skjedd eit lovbrot.

Juks vil i mindre grad skje i nyheitsmedia

Store nyheitsaviser er avhengige av tillit, og har kritiske blikk retta mot seg. Dei vil difor jukse mindre. Magasin, bloggar og liknande har ikkje same alternative inntektskjelder, og har ikkje like mange kritiske blikk.

Reduserte annonseinntekter vil auke graden av juks

I Becker sin modell er det berre når inntekta frå juks er større enn inntekta frå ærleg arbeid den rasjonelle aktør vil jukse. Etter kvart som annonseinntektene går ned vil juks relativt sett bli meir attraktivt.

Bedriftene sin eigeninteresse vil avgrense graden av juks

Kvar avis eller blogg lever, i alle fall delvis, av tilliten frå lesarane. Dersom lesarane ikkje kan stole på innhaldet vil dei finne andre leverandørar. Dette vil avgrense graden av juks, fordi det er i bedrifta si interesse å halde oppe tilliten frå kundane.

Media si felles interesse vil redusere graden av juks

Media har ei felles interesse av tillit frå lesarane. Dersom ei mediebedrift juksar (og blir tatt) vil det gå ut over tilliten også til andre mediebedrifter. Kor stor denne effekten er varierer, men den er nok sterkast blant dei store nyheitsavisene. Dette gir avisene insentiv til å passe på kvarandre ved å delta i bransjeinitiativ og organisasjonar som lagar reglar og behandlar klager mellom anna om skiljet mellom reklame og redaksjonelt innhald. Like viktig er det kanskje at det gir konkurrentar insentiv til å overvake kvarandre, og klage inn andre som dei mistenkjer for juks.

Gebyr til media og annonsørar vil redusere juks

Forbrukarombodet jobbar vanlegvis etter ein modell der dei samarbeider med bedrifta eller bransjen for å få slutt på den ulovlege marknadsføringa. Ombodet har så vidt eg kjenner til ikkje skrive ut gebyr for innhaldsmarknadsføring. Dette har dei moglegheit til, og gebyr til både mediebedrift og annonsør vil kunne verke avskrekkande. Gebyra må bli sett klart høgre enn inntektene ved marknadsføringstiltaket.

Modellen stemmer bra

Basert på observasjonar om innhaldsmarknadsføring verkar det som om ein enkel økonomisk modell kan forklare mykje av det vi ser. I etablerte nyheitsaviser ser vi eksperimentering i gråsonen. Bloggar, vekepressa og liknande media har større samanblanding av innhald og reklame (forsking har vist slik samanblanding tidlegare). Heile debatten rundt innhaldsmarknadsføring har kome dei siste åra, når pressa har blitt kreative i jakta på inntekter.  Norsk Presseforbund jobbar med å koordinere handlingane til medlemsbedriftene gjennom PFU. Ulike mediebedrifter (eller tilsette i bedriftene) klagar kvarandre inn for PFU. Det einaste som manglar er at Forbrukarombodet gir gebyr som svir til bedrifter som går over streken, men dette har dei uttalt at dei i større grad vurderer.

Referansar

Becker, Gary S. 1968. “Crime and Punishment: An Economic Approach.” Journal of Political Economy 76 (2): 169–217.

Andre effektar av søndagsopne butikkar

Debatten om søndagsopne butikkar går vidare. Mykje av diskusjonen har så langt handla om effektar på prisar, omsetning og sysselsetting. Eg skal ikkje seie så mykje om dette, anna enn at mange av argumenta både for og imot ikkje verkar så veldig overbevisande. Det er til dømes etter mi meining lite sannsynleg at salsvolumet ikkje vil auke etter ei forlenging av opningstidene, men det fins også ein del forskning som tyder på at prisane kan auke, forbrukarane må betale for auka fleksibilitet/kvalitet.

Personleg syns eg det er like interessant å sjå på andre, meir indirekte effektar av søndagsopne butikkar. Og det er det sjølvsagt nokre kreative forskarar som alt har gjort. Eit par studiar har for eksempel sett på effekten av auka opningstider på utdanningsnivået. Teorien har vore at sidan utvida opningstider aukar mulegheitene for å bruke tid i butikkar (enten på jobb – utvida opningstider gir som kjent auka sysselsetting og sjansar for deltidsjobb – eller på shopping) gir det mindre tid til overs for andre ting, slik som utdanning.

Lee (2013) brukar variasjon i når amerikanske statar fjerna «blue laws», altså forbod mot søndagshandel, for å estimere effekten på utdanningsnivå. Ho finn at fjerninga av lovene førte til både færre år i utdanning og mindre sjanse til å fullføre high school. Med data frå Norge får Bensnes og Strøm (2014) tilsvarande resultat. Dei studerer effekten av den nye opningstidslova innført i 1985, som tok frå kommunane retten til å begrense opningstidene for mykje, og finn at endringa signifikant reduserte sjansane for å fullføre vidaregåande skule.

Andre har funne meir åpenbare men også viktige effektar, som at kyrkjebesøk og økonomisk støtte til kyrkja går ned etter opning for søndagshandel, og at bruk av alkohol og narkotika aukar (Gruber & Hungerman, 2008).

Søndagsopne butikkar i Norge vil dermed ha konsekvensar også utover sysselsetting og prisnivå.

Referansar

Bensnes, Simon Søbstad, and Bjarne Strøm. (2014). «Schooling or shopping? The impact of shop opening hours deregulation on education and earnings.» Working paper. Nedlasta fra http://www.svt.ntnu.no/iso/marianne.haraldsvik/Workshop%202014/Papers/Bensnes.pdf

Gruber, Jonathan, and Daniel M. Hungerman. «The Church versus the Mall: What Happens When Religion Faces Increased Secular Competition?.» The Quarterly Journal of Economics 123.2 (2008): 831-862.

Lee, Dara N. (2013). «The impact of repealing Sunday closing laws on educational attainment.» Journal of Human Resources 48 (2): 286-310.