Verdens største Porsche


(Foto: Oslo T-banedrift AS)

T-bana i Oslo rekrutterte nyleg togførarar, mellom anna med hjelp av plakaten over. Men kvifor brukar t-bana Porsche i rekrutteringa?

Jobb i t-banen har lav status, og gode søkjarar ønskjer ikkje lavstatus jobbar. Dersom t-bana aukar sin status vil dei difor få betre søkjarar. Porsche har høg status, og ved å vise til at dei nye t-banevognene er designa av Porsche [1. Vognene er ikkje produsert av Porsche, men av Siemens, og designa av Siemens og Porsche Design i fellesskap. Porsche si rolle er dermed heller lita, noko Oslo T-banedrift ikkje akkurat framhevar.] håpar t-bana at litt av statusen vil smitte over på dei. Mest sannsynleg har dei rett, enkelte søkjarar vil bevisst eller ubevisst tenkje at «dersom Porsche kan jobbe for t-bana, kan eg også».

Medan t-bana vil tene på å assosiere seg med Porsche, vil Porsche tape på å bli assosiert med t-bana. Eit interessant spørsmål er om t-bana har fått godkjenning av Porsche, eller om dei har teke seg til rette utan Porsche si godkjenning.


Comments

Skriv ein kommentar