Kva bedrifter blir oppfatta som mest bærekraftige? Samsvar mellom Norsk bærekraftbarometer og Sustainable Brand Index

Resultata frå første runde av Norsk bærekraftbarometer vart nylig offentliggjorte. Norsk bærekraftbarometer er ei måling av kundar sine oppfatningar av bedriftene sine bærekraftsarbeid, og er tett knytta til Norsk kundebarometer, som har eksistert i ei årrekke. Dei same forskarane ved Handelshøyskolen BI (i samarbeid med Barcode Intelligence og Norstat) står bak begge barometera.

Under presentasjonen av funna sist veke kom det opp eit interessant spørsmål om samsvaret mellom resultata i Norsk bærekraftbarometer og Sustainable Brand Index, ein anna relatert bærekraftsmåling, utarbeidd i fleire år av konsulentfirmaet SB Insight. Gitt at eg hadde dataene enkelt tilgjengelig bestemte eg meg for å sjekke. Spredningsplottet nedanfor viser rangeringa på Norsk bærekraftbarometer (den vannrette aksen) og på Sustainable Brand Index (den loddrette aksen) for dei 92 bedriftene som er med i begge målingane. Nederst i venstre hjørne = rangert i toppen i begge målingane, øverst i høgre hjørne = rangert i botnen i begge målingane.

Sjølv om det er klart at målingane varierer i betydelig grad er samvariasjonen positiv og forholdsvis sterk (korrelasjon på 0.38). Gitt forskjellane i utval (Norsk bærekraftbarometer spør kundar, Sustainable Brand Index forbrukarar, Sustainable Brand Index omhandlar merkevarer), dimensjonar av bærekraft (Norsk bærekraftbarometer har med eit spørsmål om økonomisk bærekraft, Sustainable Brand Index dekkjer kun miljø og sosiale forhold), og spørsmålsstilling (som eg ikkje greier å finne for Sustainable Brand Index), er dette eigentleg betre samsvar enn det eg forventa, og like bra som samsvaret mellom internasjonale ekspertrangeringar av bedrifter sitt bærekraftsarbeid (Chatterjii mfl. 2014).

Det er interessant å sjå kva bedrifter som ligg i toppen og botnen i begge kåringane. Vinmonopolet, Flytoget og Gjensidige kjem svært godt ut i begge. Kioskkjedene Mix, 7-eleven og Deli De Luca kjem dårlig ut i begge. Det er også store forskjellar – fleire bankar (Handelsbanken, S-Banken, Danske bank og Nordea) og bilmerker (Toyota, Audi, BMW…) kjem klart betre ut i Norsk bærekraftbarometer. IKEA, Posten og Rema 1000, som blir rangert svært høgt i Sustainable Brand Index, kjem ikkje så høgt i Norsk bærekraftbarometer.

For selskapa kan det nok vere lurt å sjå på begge målingane, og ta resultata med ei klype salt, mykje blir nok f.eks bestemt av bransjen som bedrifta er i, og ikkje bedrifta sin eigen innsats. Samstundes er det ein del som tyder på at samfunnsansvar kan vere (litt) lønsamt, så det kan vere gunstig å bli assosiert med bærekraft.

Chatterji, A. K., Durand, R., Levine, D. I., & Touboul, S. (2016). Do ratings of firms converge? Implications for managers, investors and strategy researchers. Strategic Management Journal, 37(8), 1597–1614. https://doi.org/10.1002/smj.2407


Comments

Skriv ein kommentar