Bør daglegvarekjedene slutte å selje tobakk?

I ein gjennomsnittleg norsk dagligvarebutikk, kva produkt gir minst glede eller nytte og gjer mest skade? Eg eg tippar at røyk (tobakk) vil kome svært høgt på lista. Tobakk gir ei viss glede (avkobling? gruppetilhørighet?, status kanskje? som ikkje-røykar er min kunnskap litt begrensa), men ein del av gleden er eit resultat av avhengighet. Samstundes er skadeeffektene svært store. 3200 personar fekk lungekreft i Norge i 2017, og 80-90% av desse krefttilfella skuldast røyking. Utsiktene til dei som får lungekreft er dårlege, kun 20-25% lever framleis 5 år etter diagnosen. I tillegg fører røyking til mange andre alvorlege sjukdomar, som hjerteproblem og Kols.

Alle som er involverte i produksjon, marknadsføring, sal og forbruk av røyk bidreg på ulike måtar til desse tøffe skjebnene. Kor mykje ansvar kvar part har kan diskuterast, og vil variere frå tilfelle til tilfelle. Men det er ingen tvil om at daglegvarebutikkane bidreg til at mange blir sjuke og døyr, kvart år.

Dei tre norske dagligvarekjedene er alle opptekne av samfunnsansvar og bærekraft. Coop fremmer et sunt kosthold og fysisk aktivitet, Rema vil mellom anna gjere det enklere å spise sunt, og Norgesgruppen vil bidra til å styrke folkehelsen. Kjedene har omfattande rapportar om bærekraft og samfunnsansvar, og mykje informasjon om tiltaka sine på nettsidene.

Men i praten om samfunnsansvar og helse nemner ingen av dei tobakk med eit einaste ord. Og dersom samfunnsansvar ikkje handlar om produkt som tek livet av kundane dine, kva handlar samfunnsansvar eigentleg om då? Det er for meg uklart, og viser store hol i kjedene sitt arbeid med etikk og bærekraft.

Å slutte å selje tobakk fullstendig vil sjølvsagt ha store økonomiske konsekvensar for ein dagligvarebutikk. Ikkje berre vil dei røykande kundane slutte å kjøpe tobakk, men dei vil kanskje også ta med seg resten av handelen til ein av konkurrentane. Og storsamfunnet (politikarane) har bestemt at røyk er ei lovleg vare, så å avslutte salet er kanskje for mykje å forlange uansett. Samstundes har ei kjede mange tiltak som ikkje vil svi så mykje økonomisk, men som kan ha viktige, positive effektar. Kva med å auke (frivillig) aldersgrensa for kjøp av tobakk til 25 år? Kva med å gi kundane som røykjer verktøy og hjelp til å slutte, f.eks gjennom samarbeid med røykeslutt-organisasjonar og program? Slike satsingar kunne også forbetra kjeden sitt omdømme.

Ansvarlege butikkjeder bør ha som mål å selje så lite, ikkje så mykje, tobakk som mogleg.

Det går heldigvis uansett rett vei med røykinga. Som eit resultat av endra preferansar blant forbrukarar, og tøffe reguleringar frå myndigheitene, er det no rekordfå som røyker dagleg. Medan 42% røykte dagleg i 1973, røykte 11% i 2017. Daglegvarekjedene kan redusere prosenten ytterlegare.


Comments

Skriv ein kommentar