Er det lønsamt å ta samfunnsansvar?

Eit stort spørsmål for bedrifter og forskarar er om det er lønsamt å ta samfunnsansvar. Svaret på dette spørsmålet er avgjerande for korleis bedrifter bør handle, korleis offentlege styresmakter bør regulere næringslivet, og korleis aktivistar bør motivere bedriftene til å ta samfunnsansvar.

Mange ønskjer at svaret på spørsmålet skal vere «ja». Då vil marknaden sjølv sørge for ansvarlege bedrifter, fordi slike vil vere meir lønnsame enn bedrifter som oppfører seg mindre bra. Alle som ønskjer høgre profitt vil dermed følgje etter. Jobben for styresmakter og aktivistar blir enkel, dei kan informere bedriftene om at meir samfunnsansvar gir meir profitt og så lene seg tilbake.

Teoretikarar har imidlertid notert seg at samanhengen mellom lønsemd og samfunnsansvar kan gå mange veiar. Samanhengen kan vere positiv (samfunnsansvar gir lønsemd pga f.eks betre omdømme blant kundar og andre samarbeidspartnarar), negativ (samfunnsansvar gir mindre lønsemd fordi samfunnsansvar er dyrt, og kundane bryr seg ikkje så mykje), omvendt (god lønsemd gir meir samfunnsansvar, fordi bedrifter med mykje pengar har meir ressursar å bruke) eller ikkje-lineær (f.eks ved at middels nivå av samfunnsansvar gir mest lønsemd, fordi bedriftene unngår både å bli assosiert med verstingane og å sløse med ressursar).

Det finst minst 250 studiar av samanhengen mellom samfunnsansvar og lønsemd, og den beste måten å oppsummere desse på er å gjere meta-studiar, som «slår saman» resultata i dei andre studiane. To gode og relativt nye slike meta-studier eksisterer.

Orlitzsky og kollegar oppsummerte funna frå 52 tidlegare studiar, og konkluderte på følgjande måte (Orlitzky mfl 2003; s. 427) (CSP er corporate social performance, og CFP er corporate financial performance):

This meta-analysis has shown that (1) across studies, CSP is positively correlated with CFP, (2) the relationship tends to be bidirectional and simultaneous, (3) reputation appears to be an important mediator of the relationship, and (4) stakeholder mismatching, sampling error, and measurement error can explain between 15 percent and 100 percent of the cross-study variation in various subsets of CSP–CFP correlations. Corporate virtue in the form of social and, to a lesser extent, environmental responsibility is rewarding in more ways than one.

Margolis og kollegar (2009) oppsummerte funna fra 251 ulike studiar, og samanfattar funna slik:

In the most comprehensive review of this research to date, we conduct a meta-analysis of 251 studies presented in 214 manuscripts. The overall effect is positive but small (mean r = .13, median r = .09, weighted r = .11), and results for the 106 studies from the past decade are even smaller.

Totalt sett verkar det altså som om samfunnsansvar har ei positiv (men svak) effekt på lønsemd.

Desse funna har likevel nokre begrensningar. Det er eit spørsmål om «kor mykje» samfunnsansvar bedriftene i dei ulike studiane har produsert. Det kan vere at gjennomsnittet er forholdsvis lavt, og at bedrifter som verkeleg er samfunnsansvarlege vil score dårlegare. Samfunnsansvar gir i alle fall delvis lønsemd fordi omdømmet blir betre blant interessentar som etterspør ansvarleg oppførsel. Mange dimensjonar av samfunnsansvar er vanskeleg å observere, og blir heller ikkje etterspurt. I nokre tilfelle blir eit «overfladisk» nivå av samfunnsansvar etterspurt. Det er for eksempel ikkje sikkert at klesmerke som tek vilkåra for arbeidarane i Asia verkeleg seriøst blir meir lønsame enn dei som gjer eit minimum for å sjå bra ut.

Dei som håpar på at auka lønsemd skal få bedrifter til å ta samfunnsansvar kan uansett vere forsiktig optimistiske. For dimensjonar av samfunnsansvar som ikkje blir etterspurt eller er vanskelege å måle vil marknaden ikkje ta ansvaret, og aktivistar og styresmakter må ta ei aktiv rolle.

Referansar

Orlitzky, Marc, Frank L. Schmidt, and Sara L. Rynes. “Corporate Social and Financial Performance: A Meta-Analysis.” Organization Studies 24, no. 3 (March 1, 2003): 403 –441. doi:10.1177/0170840603024003910.

Margolis, Joshua D., Hillary Anger Elfenbein, and James P. Walsh. Does It Pay to Be Good…And Does It Matter? A Meta-Analysis of the Relationship Between Corporate Social and Financial Performance. SSRN Scholarly Paper. Rochester, NY: Social Science Research Network, March 1, 2009. http://papers.ssrn.com/abstract=1866371.

Skriv ein kommentar